Læreboka og nettressursen til faget Bilskade, lakk og karosseri Vg2 tek for seg grunnleggjande tema i bilskadefaget, billakkerarfaget og chassispåbyggjarfaget. Her kan du lese om korleis vi reparerer ulike skadar på karosseriet, om lakkering, elektronikk i bilar, dokumentasjon og kvalitet og om prosjekt til fordjuping i bedrift og mykje anna.
Nettressursen inneheld eit stort utval av oppgåver, lenkjesamlingar og ein del tilleggsstoff. Det er svært nyttig å bruke nettressursen saman med boka.
Henning Aarnes er utdanna i tekniske og hydrauliske fag, pedagogikk og leiing og samtaleteknikk. Han har i ei årrekkje arbeidd med bilskadar og billakkering, og som bilmekanikar på lette og tunge køyretøy. Han har erfaring frå læreplanarbeid og frå arbeid i ulike fagnemnder og har i fleire år vore tilsett ved opplæringskontor i bilfag. Han har også mellom anna hatt ansvar for uttaking til nasjonale meisterskap og Word Skills i billakkering og har vore nasjonal ekspert i billakkeringsfaget knytt til World Skills Norway. Han arbeider no som lærar ved Lister vidaregåande skule, avdeling Lyngdal.
Gå til bokmålsversjonen av nettressursen.
Bilskade, lakk og karosseri (bokmål)
Bilskade, lakk og karosseri (nynorsk)
Læreboka og nettressursen er utgitt med støtte frå